Loading...
Jorun Marie Kvernberg
Jorun Marie Kvernberg
Jorun Marie Kvernberg er ein allsidig folkemusikkutøvar og -komponist, og spelar/har spelt i mange av dei mest aktive folkemusikkgruppene i Noreg. I 2003 mottok ho Spellemannprisen saman med ensemblet Majorstuen, og i 2010 saman med Unni Boksasp Ensemble. Hovudinstrumenta er fele og hardingfele. Som utøvar og arrangør/komponist har Kvernberg tatt det folkemusikalske inn i samtida og låner farger frå andre sjangrar som vise, jazz og pop. Ho er inspirert av utøvarar og låtskrivarar som Odd Nordstoga, Frida Ånnevik, Gjermund Larsen, Thea Hjelmeland og bror Ola Kvernberg. Ho er ein viktig bidragsytar til folkemusikkbandet Majorstuens låtmateriale og arrangement gjennom 20 år. Tytebæret , med Unni Boksasp (folkesong), Daniel Herskedal (tuba) og Dag-Filip Roaldsnes (piano), kom til i 2018 i samband med eit tingingsverk frå Kvernberg til Førdefestivalen. Tonesettingane av Aasmund Olavsson Vinje sine dikt blir å høyre på Perleskum sitt debutalbum, Tytebæret, i mars 2020. I juni 2020 kom debut-albumet til Kviven duo, Kvakksalvar-Guri. Saman med Britt Pernille Frøholm tek Kvernberg særleg for seg tradisjonsslåttar frå Sunnmøre og Nordfjord. Under folkemusikkutdanninga ved Norges Musikkhøgskole danna ho gruppene Majorstuen og Tindra , og den førstnemde feirar 20 år i 2020. Kvernberg spelar elles med utøvarar som Gabriel Fliflet og Berit Opheim i Trio Alde, Øyvind Sandum, Bjørn Kåre Odde, Synnøve S. Bjørset, Anders Lofberg og Tove Hagen. More Info
  • Socials:

The Discography

View All

: / :